menu-bar All the categories

149,00 kr

Det gode samvitet skildrar tre ættleder og deira tilhøve til ætt og gard, normer og samvit. Frå den gamle Lars Lines, som kan gjere seg til tjuv og eldspåsetjar for gardens skuld, går lina vidare til sonen, som bryt med ættekulturen og utviklar eit solidarisk medvit. Men skuldkjensle tappar han for handlekraft og driv han til bedehuset. Siste generasjon er den stolte og suverende Frigg. Ho blir korkje styrt av ætteegoisme eller vondt samvit, men set truskap mot seg sjølv som høgste norm.