Bun Bendle har mista synet etter ei ulykke, og kanskje også ein del av minnet, men det orkar han ikkje å fortelje nokon. Ein dag han går ute, dett han ned i ei djup hole, som viser seg å vere ei gammal grav. Grava inneheld eit vakkert gammalt sverd. Då Bun rører ved det, blir heile kroppen hans fylt av ei ufatteleg, eldgammal kraft.Engelske Michael Morpurgo har skrive eit hundretal bøker for barn og unge, og er kjend og populær i ei rekkje land. Frå engelsk ved Øystein Rosse.