menu-bar All the categories

299,00 kr 262,00 kr

Å vere tett på døden er å vere tett på livet. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydelegare fram. Dei tidlegaste tekstane og bileta i Det står til liv blei først publiserte på Instagram, og det personlege blikket i bileta og dei sterke tekstane har allereie gripe mange lesarar. Til denne boka har Økland omarbeidd og utvida materialet.