NOMINERT TIL NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS 2021 Terningkast 5 Dagbladet Terningkast 5 Stavanger Aftenblad Terningkast 5 Bergens Tidende Historisk, tidsaktuell og gripande roman MARTA NORHEIM, NRK BOK Den aprildagen i 1889 då Gabriel Hallvardsson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, og der det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn med ungar og dyr, hus og marker. «Alle endrar seg, også dei døde», tenkjer Gabriel, og han finn trøyst i orda. Ord og setningar har eit lag med å koma til han, ubedne. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg i brytningstida like etter unionsoppløysinga. Får Gabriel Hauge det rommet han treng for å arbeida med sine mørke, eksistensielle dikt i ei norskdomsrørsle som krev at dikta