Det uskapte lyset - ein ikonografisk studie av transfigurasjonsmotivet i austkyrkja
Innanfor bilettradisjonen i austkyrkja representerer Jesu forklaring på berget eit motiv med særleg fortetta meiningsinnhald. Formålet Nes hadde med å studera dette motivet, som også vert kalla transfigurasjonen, var å få betre innsikt i samanhengen mellom ikonografisk framstilling og teologisk tolkning. I denne boka tek ho såleis føre seg ein del ikonar og nokre tekster for å studera dette motivet. Illustrert. Har litteraturliste.