menu-bar All the categories

469,00 kr 374,00 kr

Korleis kan ein leggja forholda til rette slik at elevane utviklar skrivekompetansen sin? Det er eit av dei spørsmåla forfattaren prøver å gi nokre svar på i denne boka. For å utvikla elevane sin skrivekompetanse treng dei å skriva, men samstundes treng dei også nokon å samtala om teksten med. Ein stor del av denne boka er difor analysar nettopp av dialogar mellom lærar og elev om eleven sin eigen tekst. Desse analysane viser korleis dialogen om eleven sin tekst kan vera læringsfremjande.«Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget» er ei praktisk orientert metodebok for lærarar. Boka er fagdidaktisk og praksisnær med mange gode eksempler frå klasseromma. Boka bygjer på det synet at den gode dialogen mellom lærar og elev om eleven sin tekst fremjer læring hos eleven. Difor er det viktig å organisera undervisninga slik at dialogen om tekst inngår i sjølve arbeidsmetoden. Læraren må leggje til rette for at samtalar om elevane sine tekstproduksjon og skriveutvikling sk