menu-bar All the categories

299,00 kr 262,00 kr

Kjartan Hatløy har dei siste åra stått stadig tydelegare fram som ein av våre viktigaste naturlyrikarar. I Hatløys dikting er det kosmiske dimensjonar over sjølv dei minste og mest kvardagslege ting: klukkinga i den vesle bekken, lyset frå kniven på kjøkkenbenken, det svarte glimtet i kråkas auge, kattens langsame steg over tunet. Kvar rørsle er ei stor hending, kvar minste eksistens eit mirakel, og mennesket får halda seg i bakgrunnen. For riket er vårt, men jorda er berre til låns. Med denne boka ligg alle Kjartan Hatløys elleve diktsamlingar føre i eitt band. «En stor ro og uforstyrrelighet hviler over Kjartan Hatløys tekster ... Hva skal vi kalle det? Visdomslitteratur? ... Sjelden har jeg sett veier, bekker og elveløp skildret slik.» TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN, ÅRETS BESTE BØKER 2016, om Den kvite vegen «Lågmælt og likevel høgtidsstemt er denne boka, full av livsglede og takksemd, ei varmande bok» EMIL OTTO SYVERTSEN, FÆDRELANDSVENNEN, om Den kvite vegen [terningkast 6] «ein utidssvarande buddhist som gjer skrifta si til audmjuk meditasjon over alt som finst og bærer tilværets grunnleggjande krefter i seg» HADLE OFTEDAL ANDERSEN, KLASSEKAMPEN, om Mi meinings hus «en samling lyse, livsbekreftende dikt som løfter all slags prosaisk kjøkkenutstyr til uante høyder» INGUNN ØKLAND, AFTENPOSTEN, om Kjøkkendikt