menu-bar All the categories

179,00 kr 157,00 kr

Ingvar Moe (1936-1993) gav ut i alt 26 bøker og var aktiv i dei fleste sjangrar - noveller, romanar, barne- og ungdomsbøker, revy og teater, lærebøker, kåseri og popsongar. Per Olav Kaldestad har redigert dikt frå Ingvar Moes fire diktsamlingar, og valt ut nokre av songane. Mange hadde sans for Ingvar Moes modige sjølvutleveringar - ikkje minst av det kjærleiksfylte hatet til heimbygda - og diktaren opplevde å bli omfamna både av folket og av akademia: Debutboka løktastolpefrø (1975) kom i fleire opplag og blei tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris. Men så vel debutboka som dei andre diktbøkene, Fløttjevels bok (1977), Himabrent (1979) og Berre litt, altså (1989) syner også fram dei positive kreftene i bygdesamfunnet. Og alle tekstene er prega av Ingvar Moes særeigne evne til å fange inn replikkar, ordtak, ironi, patosen og den andektige talen.