menu-bar All the categories

179,00 kr 157,00 kr

Sigbjørn Heie debuterte i 1972 med diktsamlinga Bilete. Han markerte seg straks som ei særeigen stemme i norsk lyrikk. Dikta hans er sanselege og skaper rom for ettertanke og innsikt. Denne samlinga er eit representativt utval av dikta forfattaren har skrive frå debuten og fram til 1997. Denne utgåva inneheld eit nytt intervju med Heie ved Per Olav Kaldestad og Einar Økland. I draumstill skog Lita jente snusar mjukt på sommarbrune hender og dagens travle lukt følgjer henne inn i draumstill skog der fuglar flyg med nye tonar frå opne nebb