Dikt med melodiar av Edvard Grieg
Dette året er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd og 150 år sidan Vestmannalaget vart skipa. Det var nært samband mellom den fyrste store landsmålsdiktaren og det fyrste mållaget i landet. Og komponisten Edvard Grieg stod i ideologisk og kulturell meining på den same grunnvollen som Vinje og Vestmannalaget. Denne jubileumsutgåva av Vinjesongane vil heidra to av merkesmennene i norsk litteratur-og musikkliv på 1800-talet. Innsiktsfulle føre- og etterord er utforma av høvesvis litteraturvitaren Jørgen Magnus Sejersted (UiB) og musikkvitaren Arvid O. Vollsnes(Senter for Griegforsking, UiB, og UiO).