Reipa ratt, moabong, majerempe, brelle, kreteng, besina, hattefok. Forfattarane har samla dialektord og uttrykk frå bygdene i Volda over to tiår. I byrjinga for moro skuld når dei høyrde rare og gamle uttrykk i daglegtalen i forbifarten. Seinare vart det meir systematisk innsamling, også av nyare ord og uttrykk. Resultatet er ei bok både til underhaldning og til å bli klok av. Somme av uttrykka kan du til og med få lyst til å begynne å bruke igjen, om du ikke er av dei som bruker dei då.