Djupvik Gunda Sylting og safting heile året (825218135X)
Nye og frekke smakar på krukker og glas!
I denne boka får du inspirasjon til å safte og sylte på gamle og nye måtar. Vi syltar med frukt og bær frå både hagen, butikken og skogen, og tilset krydder og utradisjonelle smakar. Sylting og safting kan også gjerast i små porsjonar, og når som helst på året. Boka er derfor delt inn etter årstider og ulik tilgang på ingrediensar. Du kan lage appelsinmarmelade til jul og gyllen nektarinmarmelade midt på sommaren, eller fiken i konjakk, løkmarmelade, chutney og nøttekompott– når som helst.
Boka inneheld òg gamle klassikarar som rørt bringebær, jordbærsyltetøy og hermetiserte pærer. Alle oppskriftene er gjennomprøvde, og metodane godt forklarte.