Vinnar av Brageprisen 2019Louise kjem heim for sommaren til sjukeheimsjobb, vener ho ikkje lenger har noko felles med, og eit hòl i brystet. Tormod døydde for over eit år sidan, og på veggen heng framleis alle bursdagskorta han teikna.Draumar betyr ingenting er ei forteljing om å puste inn dritlukt, å danse swing på parkeringsplassen, om sorg, systerskap og kven som kan skaffe øl.Bokmeldarane seier:«Alt blir levande i dei mangfaldige og sanselege skildringane, anten om dei er til å le, grøsse eller gråte av.» Janne Karin Støylen, Dag og tid«[E]n vond, tragikomisk og presis skildring av følelser, familie og om hvor frustrerende det er å aldri slippe unna sitt eget hode [...] Språket flyter sømløst og naturlig, dialogen er troverdig og noen setninger treffer leseren akkurat der det gjør mest vondt.» Pernille Bruvik Westberg, Barnebokkritikk«Det er ein gjennomgåande styrke ved romanen at han viser meir enn han fortel og forklarar» Petra J. Helgesen, Periskop«Barmen skiller seg ut blant år