Drew, Ion English teaching strategies (8252190480)
English Teaching Strategies er ei didaktikkbok i engelsk for mellomtrinnet og ungdomstrinnet som er laga for norske forhold og etter norske læreplanar. Boka rettar seg mot lærarar og mot studentar i engelsk i allmennlærarutdanninga. Forfattarane drøftar korleis ein kan arbeide med ulike emneområde innanfor engelskfaget: munnlege aktivitetar, lesing og skriftleg framstilling. Den nye utgåva er oppdatert etter endringane i læreplanen, og oppdatert med tanke på den digitale kvardagen vi har i dag.