grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet vi gøymer oss i syrinbuskar, søppelposar vi er erteris og går i eitt med buskaset vi stel klisne pastisflasker frå under benkane ingen ser oss pile forbi der nede langs bakkenI eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga Drikkeviser frå Paris er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle o