Rilkes hovudverk i norsk tolking.Rainer Maria Rilke (fødd 1875 i Praha, død 1926 i Sveits) vert rekna som ein av dei aller viktigaste moderne tyskspråklege lyrikarane. Med sin bakgrunn i det tyskspråklege miljøet i Praha, som også Franz Kafka var ein del av, skreiv han fram ein unik forfattarskap. Hovudverket hans, «Duino-elegiar», ligg no føre på norsk i tolking av Jon Fosse. I år er det hundre år sidan det kanskje viktigaste året i historia til den modernistiske diktinga. I 1922 var Rilke etter ti års arbeid ferdig med «Duino-elegiar», same året gav T.S. Eliot ut «Det aude landet» og James Joyce «Ulysses». Jon Fosse har svært lenge vore oppteken av Rainer Maria Rilke og har også tidlegare attdikta tekstar av Rilke.Kven, om eg skreik, høyrde meg då i englanesordnar? og set at ein tok meg bråtttil sitt hjarta: eg ville forgåav hans sterkare nærvær.For det vakre er ingenting annaenn det skræmandes byrjing,som vi berre held ut,og held slik av, fordi det lognt lèt veraå øydeleggja oss. Kv