menu-bar All the categories

249,00 kr 216,00 kr

Underhaldande og intenst om kjærleik! Kjærleiken er noko drit, synest Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget - og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på då det byrjar ei ny jente i klassen. For Marie Lindkvist dansar ballett som om det står om liv og død. Ja, ho dansar som om det er hennar siste dans her på jorda. Linda Klakkens første bok for barn er ei historie om den første, store forelskinga. Om klassefestar, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk.