EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom. Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon - inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet. Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta. I dette første finn vi Voluspå og Håvamål. EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom. Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon ? inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet. Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta. I dette første finn vi Voluspå og Håvamål.