Etter godt over hundre år er gullskatten i norrøn litteratur - eddadikta - igjen gjendikta til norsk med alle dikta frå det viktigaste handskriftet, Kongeboka. No på eit moderne språk og på bakgrunn av den forskinga som har skjedd i nyare tid. Bak denne bragden står lyrikaren Knut Ødegård som her sameinar sine kunnskapar i norrøn filologi med dikterisk gjenskapingskraft. Eddadikta er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen. Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, heltar og livsvisdom. Heltedikta gjev eit innsyn i ei anna tid, full av visdom, lærdom og barsk humor. Etter godt over hundre år er gullskatten i norrøn litteratur -
eddadikta - igjen gjendikta til norsk med alle dikta frå det viktigaste handskriftet, Kongeboka. No på eit moderne språk og på bakgrunn av den forskinga som har skjedd i nyare tid. Bak denne bragden står lyrikaren Knut Ødegård som her sameinar sine kunnskapar i norrøn filologi med dikterisk gjenskapingskraft.
Eddadikta er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen. Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, heltar og livsvisdom. Heltedikta gjev eit innsyn i ei anna tid, full av visdom, lærdom og barsk humor.