Eg høyrer regndropar best når det er mørkt
Dikta i denne samlinga er inspirert av det verkelege, draumar og fantasier. Vi fylgjer ein ung gut gjennom hendingar i barndommen i det litle fiskeværet Hamningberg i Finnmark. Vi treff han også att på reise i vaksen alder. Her er glede, sorg, håp og lengsler.