Eg vandrar som kjentmann på jorda
Dikta er skrivne ut frå, eller rettare inn i, livet til Antonio Vivaldi, og følgjer sitt emne frå fødsel til død. Trass at vi er i barokken, er dette ei enkel, lite oppstasa bok, kunnskapsbasert, men ikkje med påtrengjande krav om at leseren må repetere musikkhistoria for å vere med. Frodig i utsynet, men stilisert og måtehalden i forma.