Dikt som kan trøyste og løfte.Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt og uventa blikk - eller som ei slags trøyst, fordi dikta fortel om ei livsrøynsle og ei innsikt som ein kanskje ikkje sjølv kan artikulere - anten dikta viser ein høgare himmel eller berre at andre har opplevd dette før. I Eg vil vere her. «Dikt til trøyst» har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Anne Helene Guddal, Åse-Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.