menu-bar All the categories

449,00 kr 358,00 kr

Dagens samfunn i Midtausten byggjer på ei fjorten hundre år gammal historie og på ein religion med røter på den arabiske halvøya. I dette oversiktsverket følgjer vi denne historia frå profeten Muhammeds tid og fram til i dag. I framstillinga er det lagt vekt på at forholdet mellom religion og politikk har endra seg opp gjennom historia. Vi kan følgje ei linje frå politiske og religiøse stridar i mellomalderen til politisk fornying under det osmanske riket og oppblomstring av arabisk nasjonalisme på slutten av 1800-talet. Med oppløysinga av det europeiske koloniveldet på 1900-talet oppstod dagens statar, der islam kom til å setje sitt preg på politikken på ulikt vis. I nyare tid har «Den arabiske våren» ført til store endringar i Midtausten, med samanbrot i fleire land, medan politisk islam har fått breiare plass i andre. I den nye utgåva blir denne utviklinga sett inn i ein historisk samanheng.