Ein driftig djevel i Bergen
Forteljinga om grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd. Mons Litleré (1867.1895) var forleggjar, bokhandlar og avisredaktør. Sunnfjordingen er den eigentlege grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd, sjølve pioneren i produksjon og spreiing av bøker på landsmål på slutten av 1800-talet. Han samarbeidde med dei kjende forfattarane i si tid, blant andre Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Per Sivle, Jens Tvedt, Rasmus Løland, Vetle Vislie, Anders Hovden og Hans Seland. Det var Knut Hamsun som i eit brev skrytte av den unge forleggjaren og kalla Litleré «ein driftig djevel». Dette er den første fullstendige framstillinga av kva Mons Litleré fekk til i Bergen på sine knappe ti år som forleggjar og avisredaktør. Mons Litleré hadde bokhandel i Strandgaten i Bergen og var redaktør for Firda. Den unge landsmålsformidlaren døydde berre 28 år gammal. I det korte livet sitt rakk Litleré å gi ut kring 115 bøker, av dei var 80 på nynorsk. Pionerarbeidet hans har vorte ståande som eit føredøme fo