menu-bar All the categories

279,00 kr 242,00 kr

Få har skrive så sterkt om tvil og tru som R. S. Thomas (1913-2000). Diktaren utforska dei gåtefulle og løynde sidene ved Gud og skreiv trufast om den tunge kjensla av Guds fråvær. Iblant òg om dei få, lysande glimta då han likevel kjendest nær. Han skreiv fram Gud i bilete han fann i heimlandet sitt, Wales, frå heiene og liene i fjellandet der, og kysten med fuglane, tidvatnet og bølgjene. Alt dette finn ein òg i dei sublime og vakre kjærleiksdikta han skreiv til kunstnar-kona si, Elsi. R. S. Thomas var nominert til Nobelprisen i litteratur i 1995.Utval og gjendikting er ved Hans Johan Sagrusten.