Eit år med Elena Ferrante
Meisterlege artiklar frå Ferrante. Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid, særleg kjend for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største aviser, The Guardian, gav henne eit spanande oppdrag: å skrive ei fast helgespalte gjennom eit heilt år. Her får du tekstane samla. Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i: om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantevekstar til klimaendringar, frå beundring for ei kjend filmstjerne til redselen for å flytte og om kvinnefrigjering i eit enno mannsdominert samfunn. «Eit år med Elena Ferrante» er ei skarp og vittig bok og eit must for alle Ferrante-fans. «Eg høyrer til den kategorien menneske som ikkje liker seg sjølv, verken på foto eller film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn. [...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje