Avslutninga på storverketKunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.I det tredje bandet av «Septologien» nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stilt måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til Galleri Beyer i Bjørgvin.I tilbakeblikk fylgjer vi livet til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i