Elise og mysteriet på Hesteøya
Nysgjerrige og dyreglade Elise er ute på sitt tredje oppdrag med veterinæronkelen Kalle, og heller ikkje denne gongen blir det roleg på vakt. Denne gongen er også Elises venninne Karin med. I det påskeroa skal senke seg over idylliske Hesteøya, skjer det merkelege ting. Islandshestar forsvinn på mystisk vis, innflyttarar og bygdefolk står mot kvarandre, og midt oppi det heile svik Karin Elise når Elise treng henne mest.