Elle Melle 1-4 Elle Melle er eit norskverk for 1 4 trinn. Læreverket kjenneteiknast ved flotte illustrasjonar, grundig gjennomgong av lydane i alfabetet, nivådelte tekstar, og ikkje minst innhaldsrike og gode lærarrettleiingar. Verket følgjer eit gjennomført pedagogisk system som baserar seg på Anne-Lise Gjerdrums lange erfaring som lærebokforfattar. Anne Lise Aasgaard Solli er medforfattar fra og med 3. trinn. Elle Melle ABC 2 Elle Melle ABC 2 inneheld tekstar til bokstavane i alfabetet. Kvar bokstav har sin eigen song og sin eigen illustrasjon. Mellom og etter bokstavoppslaga finn du også lesetekstar som høver godt for tilrettelagd lesing. Lesetekstane er delte inn i tre nivå gult, raudt og blått med tanke på vanskegraden. Boka er gjennomillustrert med fargerike teikningar og fotografi. Elle Melle for 2. trinn omfattar: - ABC 2 - Bilet- og songkalender (storformat) - Lese- og skrivestart 2A - Lese- og skrivestart 2B - CD 2 - Lærarrettleiing - Perm med kopioriginalar - Nettstad Fagbok