Elstad, Ingunn Sjukepleietenkning (8205443513)
Boka tilbyr ei forståing av kva sjukepleie er.
Av og til dukkar det opp spørsmål i sjukepleiefaget som også er filosofiske. Det er spørsmål om liv og tid, om natur, sjukdom og årsak, om praksis og vitskap, om kjønn og religion. Sjukepleiarane, som følgjer menneske gjennom dei største krisene, og arbeider i situasjonar som andre aldri ser, møter mange slike spørsmål, og stiller dei ofte sjølv.
Sjukepleien er eit av dei største fagområda i samfunnet, men likevel hevdar mange at faget er usynleg. Det er som å ha ein elefant på badet og late som han ikkje er der -. fordi ein ikkje klarar å hugse kva slags dyr det er.
Boka tilbyr ei forståing av kva sjukepleie er, og av menneskelivet og samfunnet i lys av dette kjempestore feltet, i ei brei filosofisk tilnærming. Dei filosofiske perspektiva blir gitt liv gjennom mange praksisnære eksempel. Slik gir boka også ei innføring i filosofiske tema som er aktuelle i sjukepleieforskinga.