Endetida og Jesu gjenkomst i lys av Bibelen
Vi har smakt kreftene til den komande verda, men vi har mykje meir i vente.Endetida og Jesu gjenkomst i lys av Bibelen handlar om Bibelens syn på historia og det mål Gud styrer alle ting mot. Det handlar om å få tak i det perspektiv vi som kristne kan ha over livet vi lever her og no og over komande tider. Kristen endetidslæra må forståast i lys av Bibelens undervisning om Guds rike og kan ikkje lausrivast frå dette. Det er vanleg forståing mellom kristne at Guds rike er kome og skal koma. Guds rike er no, men enno ikkje! Guds rike skal koma i fylde, i herleg fullending, når Jesus kjem tilbake.Denne boka blir skriven for å hjelpa Guds folk til å forstå Guds plan for den tida vi lever i. Då kan vi festa trua sitt trygge anker, i det faste og levande håpet vi har, på grunn av Jesu Kristi triumferande oppstode frå dei døde. Gjennom trua på hans død og oppstode blir vi haldne oppe ved Guds kraft, mens vi ventar på å nå fram til den frelsa som ligg ferdig til å bli openberra i den siste tid