menu-bar All the categories

299,00 kr

Å skrive essay er eit av emna i norskfaget etter Fagfornyinga 2020. Men kva er eit essay, og korleis kan ein arbeide med det i grunnskule, vidaregåande skule og i høgare utdanning? Korleis kan elevar og studentar bli entusiastiske skrivarar av både personlege essay og andre, meir formelle saktekstar? Kva kan vi lære om å skrive essay av tidlegare og notidige essayistar, av romanforfattarar og av bloggarar? Den som sjølv vil bli ein god essayist, lyt også lese andre gode essayistar, og det er lurt å setje seg inn i tradisjonen for å forstå kva for grep ein kan gjere bruk av. I den historiske delen av boka drøftar forfattarane korleis dei kjente klassiske essayistane, frå den romerske filosofen Seneca, via renessansens Michel de Montaigne og Francis Bacon til våre eigne Ludvig Holberg, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg har prega essayet. Opp mot vår eiga tid drøftar forfattarane korleis den framveksande pressa, både avisene og tidsskrifta, skapar gode vilkår for essayet, og legg til