Etiske møte og problemstillingar
Etiske møte og problemstillingar - Løgstrup for barnehagelærarar presenterer utfordringar barnehagelæraren møter i arbeid med barn, foreldre og kollegaer i ein kompleks og samansett kvardag. Barnet, i skjeringspunktet mellom sårbart og kompetent, er eit gjennomgåande tema i alle kapitla. Eit anna gjennomgåande tema er at vi ikkje kan ha med andre menneske å gjere utan å halde noko av deira liv i våre hender. Målgruppa er barnehagelærarstudentar og barnehagelærarar. Boka er òg relevant for spesialpedagogar, lærarar og andre som dagleg møter barn og foreldre. Innholdsfortegnelse og bokutdrag Forfattaren er utdanna barnehagelærar med etterutdanning i spesialpedagogikk og mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som barnehagelærar og pedagogisk leiar. I dag arbeidar ho som spesialpedagog i barnehage og som forfattar.