For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Ved frigjeringa våren 1945 var dei norske jødane i ein særeigen situasjon. Dei hadde ikkje tapt krigen - men så mykje meir. Før okkupasjonen bestod den jødiske minoriteten i Noreg av rundt 2100 menneske. Ved folketeljinga i 1946 blei det registrert 559 jødar. 230 familiar var fullstendig utsletta. I tillegg til dei enorme menneskelege tapa var jødane fråtekne leilegheiter, hus, forretningar og alle personlege eigedelar. Tanken var at dei aldri skulle vende tilbake. I Etter folkemordet 1945- undersøkjer Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa. I ei tid prega av sorg, uvisse og sakn skulle dei bygge opp livet sitt igjen frå grunnen. Også forholdet til storsamf