Kultur og politikk i arbeidarklassens hundreår Det 20. hundreåret var arbeidarklassens hundreår, tidsrommet då fagorganisering og sosialisme fekk sivilisert kapitalismen. Så lenge det varte.Over heile den vestlege verda er kapitalismens intellektuelle i ferd med å skriva om historia om det 20. hundreåret. I stort som i smått, og på mange felt. Etter i saumane tar for seg historiske emne, men handlar om politikken av i dag. Den aktuelle bakgrunnen er den liberale offensiven for å gi organisering nedanfrå skulda for alle katastrofane i det 20. hundreåret.Den raude tråden i denne boka viser korleis borgarskapets ideologiske klesplagg heng i hop, eller raknar i saumane. Boka tar opp tråden og viser andre måtar å sy saman verdensbilde på.