Europeisk politisk historie 400-1750
Denne boka presenterer den politiske historia til Europa frå oppløysinga av Romarriket til konsolideringa av det nye europakartet etter reformasjonar og revolusjonar i tidleg moderne tid. Ei framstilling av europeisk politisk historie vil naturleg nok fokusere på framveksten til staten, og eit av dei mest tydelege kjenneteikna er mangfald, både i høve til typar av statar og til korleis statsdanningsprosessen gjekk føre seg. Målet er å gje lesaren eit oversyn over dei politiske prosessane som gjennom ein periode på over tusen år leidde Europa frå å være ei samling av førstatlege samband til å bli eit mangfald av einskapsstatar. Framstillinga kombinerer eit fokus på dei lange linene med nærare studiar av viktige historiske hendingar i den einskilde region og stat, frå England i vest til Russland i aust.