Frå 2008 har Norsk Forfattersentrum arrangert Forfattarforelesinga for å auka det seine litteratursnakket i det offentlege, kjappe rom. F2 husar 28 av forfattarforelesingane (perioden 2011-14). I tillegg kjem ein appendiks med fem liknande foredrag frå Nansenskolens serie Forfatternes hus som dei arrangerer under Norsk Litteraturfestival. Dei fleste av forelesingane har vore på trykk (kortversjon) i Dagsavisen, Klassekampen eller Morgenbladet. Nokre av tekstane kan også finnast i forfattaranes eigne essaybøker. Dette er i sum dei beste litteraturtankane i Norge og vil, saman med samlinga F, kunna tena som referanseverk for forfattarpoetikkar i lang tid framover. Forfattarforelesingane utfordrar og systematiserer litteraturtankane til kvar einskild forfattar. Lesarane finn tendensar og krysningspunkt. Dei kan finna vidare motivasjon til å lesa ein Bergsvåg, ei Linnestå eller ein Gunnerud. Ikkje løysinga, den endelege nøkkelen, for den finst ikkje. Men motivasjon. Trykk du på F2-knappen,