Ein fallskjermhoppar dundrar i bakken framfor hundrevis av sjokkerte tilskodarar under Ekstremsportveko på Voss. Undersøkingar viser at fallskjermen til den omkomne småbarnsmora Veslemøy Liland er tukla med, og drapsalarmen går. Kven ville henne til livs - og kvifor? Tidlegare VG-reporter, no heimflytta lokalavisjournalist Agnes Tveit vaknar opp frå ein yrkesmessig dvale då begynner å leite i si eiga ungdomstid etter svar. Snart oppdagar ho at den vakre vestlandsbygda skjuler mange mørke hemmelegheiter. Fallesjuke er ein roman om nære vennskap og djupe svik, om å bryte opp og om å vende tilbake.