I Fantasiblikket møter me Petra som tenkjer i bilete og ikkje med bokstavar. Ho hatar å lesa og mistrivst i klasserommet. Ein dag kjem den mystiske Multi rett inn gjennom vindauget hennar og fortel at han reiser rundt og lærer folk å lesa. Kan han hjelpa Petra? Me ser at Petra kan bruke tenkemåten sin til andre ting enn å lesa, men får også sjå kva som skjer i det magiske klasserommet som Multi lagar. Forfattaren Helge Torvund er psykolog og har tidlegare skrive om arbeidet sitt med barn med ulike vanskar. Han er mest kjend som poet og diktlærar for Dagbladet.no, men har skrive fleire illustrerte barnebøker.