menu-bar All the categories

349,00 kr 305,00 kr

Brennaktuell og interessant om syriske flyktningar Krigen i Syria har ført til det som blir omtalt som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta. I Farvel, Syria blir du kjend med nokre av dei som har forlate heimlandet sitt. Emil André Erstad har reist til Midtausten og snakka med religiøse minoritetar, einslege kvinner, homofile og opposisjonelle. Mange av desse kan ikkje få trygge liv i nærområda til Syria, samtidig som Noreg og andre europeiske land gjer det vanskelegare for flyktningane å krysse grensene. Noreg har bestemt at vi skal ta imot 8000 kvoteflyktningar dei neste tre åra. I tillegg kjem tusenvis av andre flyktningar seg hit på eiga hand. Kva er forskjellen på dei, og kven har vi plikt til å hjelpe? Boka diskuterer korleis verdssamfunnet best kan stille opp for flyktningane. Den gir sterke møte med enkeltmenneske som er ramma av krigen, og innspel til ein betre flyktningpolitikk for Noreg og verda. Farvel, Syria er boka for deg som vil lære meir om dei menneska vi skal beskytte, og gjer det lettare å forstå ei av dei mest brennande sakane i vår tid.