menu-bar All the categories

398,00 kr 348,00 kr

Fengselsprestens krig er historia om pastor Bjarne Norheim sin krig og strid - under og rett etter andre verdenskrig.Under krigen er Bjarne Norheim (1905-1991) som kapellan i Eidskog og Lillehammer utsett for forfølging og forhøyr av nazi-politi og prost. Men han blir også boren fram av menigheit, konfirmantar og deira foreldre.Etter krigen er han fengselsprest for arresterte nazistar - på Lillehammer, Ilseng, Elverum og i Trysil. Han omtalar seg som berre ein menig soldat. Som ein liten prest i den store krigen ser han kyrkja og fengselet frå innsida, slik det kjem fram i dagbok, notat og brev. Det er få lyspunkt.Men lyset fins der han minst ventar: Til nyttårs-andakten i Ilseng leir har to dømte nazistar måla eit bilde som gjorde den enkle matsalen til noko av ein heilagdom, skriv Norheim i si dagbok. Det er fredsengelen som med ei palmegrein i venstre hand skrid majestetisk fram frå ein mørk bakgrunn mot morgonggryet. Vegen han ferdast er dekt av rykande ruinar og sundskotne hus. No