Ferdaminne frå sumaren 1860
Klassikar i norsk litteratur.Ferdaminne frå sumaren 1860 er rekna som Vinjes viktigaste verk. Boka er forma som eit reisebrev frå den store noregsreisa Vinje gjorde i 1860. Ho er halden i kåserende form, med lyriske innslag, og inneber eit brot med det romantiske synet på bonden. Her finn lesarane underhaldande skildringar, dikt og agronomiske utgreiingar om kvarandre. Dette pionerverket i norsk journalistikk inneheld òg den lyriske perla Ved Rondane.