Visste du at det berre er menneskebarn og nokre få dyr som har ein far som passar på dei? Løveungane og isbjørnungane har ein far som gjerne et dei opp, om ikkje mora passar på. Hestefølla er hos mor. Men reven og ulven passar på ungane sine, mange fuglar og ein del fiskar gjer det same. Så du ER heldig, som har ein far som bryr seg om deg. I denne boka kan du lese om korleis ulike dyreungar får omsorg av far.