Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om gardar og folk i den nordlege delen av dagens Fjell kommune. Gardane er: Eide, Kårtveit, Pollen, Angeltveit, Landro, Solsvika, Misje, Turøyna, Vindnes, Ågotnes, Spjeld og Fjæreide. I tekst og bilete lèt gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lesa om menneske i kamp for utkomet, det vera seg på jakt med stuttorven etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane, eller på jakt etter fisk og sild med garn og snøre, ridande i færingen på kvite bølgjer mellom båar og skjer. Vi møter også menneske i finstas og festhumør. Mang ein lesar vil finna slektningar i dei omfattande slektssogene for kvar av dei 12 gardane. Her kjem ein smakebit frå historia til Misje, fortalt av Olai Kristoffersen (f. 1902): «Mor var av husmannsslekt. Me hadde ikkje meir jord enn det som var på tunet, men me fekk lov til å bruka ein haug med nakne berg sør på øya. Me rodde ut på øyane