menu-bar All the categories

390,00 kr

Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om gardar og folk frå Trengereid i sør til Dyrøyna i nord. I tekst og bilete lèt gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lesa om menneske i kamp for utkomet, det vera seg på jakt med stuttorven etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane eller på jakt etter fisk og sild med garn og snøre, ridande i færingen på kvite bølgjer mellom båar og skjer. Vi møter også menneske i finstas og festhumør. Mang ein lesar vil finna slektningar i dei omfattande slektssogene for kvar av dei 20 gardane. Her er ein smakebit frå historia til Løno, lengst vest i havet: «For ein del år sidan vart det funne ei steinøks [...] sør for steingarden som er lagt opp over eidet mellom Lønevågen og Sandkeilo. [...] I steinalderen sto sjøen fleire meter over eidet, som den gongen var eit sund. Det er rimeleg å tru at folk som heldt til lenger inne i landet, ofte fann vegen hit ut på fi