Nærare byen, det sjuande bandet i serien Fjell bygdebok, tek for seg samfunnsutviklinga i Fjell i perioden frå 1910 til 2019. I denne perioden gjekk levekåra og folke.kulturen i Fjell gjennom enorme endringar. Tidleg på 1900-talet levde fjellsokningar flest framleis som fiskarbønder, men utbygging av industri og moderne kommunikasjonar gav nye impulsar som omskapte gardar og grender på øyane vest for Bergen. Fjell-samfunnet har i mange hundreår vore prega av naboskapen til Vestlandets største by, men på 1900- og 2000-talet rykte bysamfunnet nærare på mange vis. Den store utbygginga av Fjell festning i krigsåra kom som følgje av okkupasjonsmakta sitt behov for å beskytta byen militært. Med opninga av Sotrabrua i 1971 vart Fjell ein del av bu- og arbeidsmarknaden i Stor-Bergen, samtidig som oljealderen gav nye arbeidsplassar på Sotra. Folketalet, særleg nærast brua, auka dramatisk. På Straume, som tidlegare var ei lita grend, voks det fram eit urbant sentrum med kjøpesenter og .bustadblo