menu-bar All the categories

200,00 kr 175,00 kr

Den som vil skriva om Florence Nightingale må starte med eit forord. Det var ho tilhengjar av. Slik seier ho det sjølv: »Alle bøker bør ha et forord, så vet en litt om hva en går til. Og vil en ikke gå dit, så er en forfatteren takk skyldig for å ha spart tid» Min eigen grunn til å skrive om F. N. starta i 1986 då eg las den briljante boka av NRK journalisten Gudrun Simonsen: Hvem var du, Florence Nightingale? For meg vart denne boka starten på ei livslang interesse for F.N. sitt liv og virke. Det er slik at bøker kan endre eit liv. Dette vert no freista prova vitskapeleg, men er noko alle bok-elskarar visste frå før. I mitt tilfelle starta det heile med ei glupande interesse for hennar lange kamp for å få familiens godkjenning til å arbeide med sjukepleie. Det var spanande å fylgja hennar eigen personlege utvikling gjennom denne kampen. Men i dei seinare åra har eg enda opp med ei sterk interesse for å forstå hennar syn på helse, og korleis ein med Naturens hjelp kan oppnå det. Pioner