For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. I siste halvdel av 1800-talet blei Finland ramma av ei rekke uår som fekk tusenvis av menneske til å forlate landet. Mange av desse, som blei kalla kvener då dei slo seg ned i nord, enda opp i Troms og Finnmark. Ein av dei var tippoldefar til forfattaren, Isak Martimo Gaski. Etter at far til Isak kom ut for ei alvorleg arbeidsulykke, blei Isak overlaten til framandfolk. Åtte år gammal blei han sett bort til ein samisk familie i Tana-området, til ein heim og ein kultur som var heilt ukjent for han. Kathrine Nedrejord tar for seg innvandringa frå Finland til Noreg, og skjebnen finnane møtte då dei kom hit. Korleis gjekk det med dei? Og korleis blei det nye landet prega av nykomlingane? Nedrejord fortel historia om