Flytande bjørn handlar om eit drap, to brør og litt for mange pressefolk. Ei varm sommarnatt i Odda kjem situasjonen ut av kontroll. Ein ung gut forsvinn, og konfliktar mellom ulike grupper i lokalsamfunnet når eit klimaks. Ein lokal journalist grev under overflata for å finne ut kva som har skjedd, samstundes som hans eiga framtid står på spel. Frode Grytten skildrar eit lokalsamfunn som blir sett under press ei rekordvarm sommarveke. Flytande bjørn er ein rikhaldig roman: spennande krimintrige, sterk samfunnskritikk, svart humor og nydeleg kjærleik. Handlinga er fortetta og skriven inn i eit stramt og medrivande plott. Lukta av varm småby. Stanken frå Volvoen min. Det var vittig. No som Odda endelig var kvitt utslippa frå verket, kjørte eg rundt i ein bil som lukta død og pine. Eg rulla ned vindauget og svingte inn på vegen ved Shell. Det varme rattet var klissete av blod.