Folk i fjordrike - før 1763
Sogn og Fjordane er eit annleisfylke, blir det gjerne sagt. Her veks folketalet seinare enn i andre fylke. Byane er få og små. Men levekåra er betre og tryggare her enn andre stader. Soga om Sogn og Fjordane spør korleis det har vorte slik. Verket tek for seg utviklinga i landskap og bygder som kvar for seg har ei langt eldre historie enn fylket, men set også historia om området i samband med utviklinga utanfor. Band 1 tek til då isbreane drog seg tilbake frå kyst og fjordar, og følgjer folk og samfunn gjennom vikingtid og mellomalder fram til opprettinga av Nordre Bergenhus amt i 1763. Forfattaromtale: Harald Johannes Krøvel (f. 1970) er høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Volda, der han underviser i eldre historie. Harald Endre Tafjord (f. 1973) er førsteamanuensis i eldre historie ved Høgskulen i Volda, der han underviser i mellomalderhistorie.